Tre fluger

I glaskarmen ligg det tre daude fluger. På rygg – kapitulert for naturen sine brutale reglar. Dei fleste vaksne eksemplar av musca domestica, som husfluga heiter på fint, får berre leve om lag ein månad. Då har dei gjort sin misjon. Veit forresten ikkje heilt kva misjon dei har, men om ikkje anna så har dei heilt sikkert lagt sine par tusen egg for å halde bestanden gåande. Slik at det alltid er minst ei på vakt når eg skal sove middag. Sjølv er eg vel heldig som har halde da gåande i drygt trettiseks år. Men utan å ha sått eit einaste frø for å bere slektsnamnet vidare. Eg nok gjort min misjon her eg og, utan at eg veit kva nytte det har vore. Ikkje ei bragd for historiebøkene. Ikkje ein gong verdt ei lita fotnote, eller ein rubrikk i lokalavisa. Forholda vert for små i slike bygder som det her. Det vert som med hjorten som går ute på bøane. Det er ikkje ein make til kvar. Den hannen som ikkje god nok, eller sterk nok, vert gåande åleine. Har omsider innsett at ho eg ville ha, har valt annleis og ser ut til å vere sers nøgd med det. Kunne ha lagt meg ned på rygg eg og, men det tar for lang tid. Har ikkje tolmod til slikt. I morgon reiser eg her i frå.

Sjeldan har syrinen framfor huset blomstra meir enn i år. Det er ikkje vanskeleg å kjenne lukta bort på trappa. Tar min siste røyk før avreise. Her har eg sete mang ein kveld. Men ikkje aleine må vete. Tankane er der alltid. Lurer ein eller annan stad der inne. Hoppar fram når eg ein sjeldan gong har senka skuldrene og gløymt dei ein augneblink. Aldri fred å få. Sjølv den intense lukta frå syrinen kjempar forgjeves mot den bitre eimen av brente bruer. Dei siste av dei gjekk opp i røyk på bygdefesten førre helg. I etterpåklokskapens lys er det lett å sei at eg ikkje skulle ha gått på den i det heile. Er det noko eg er ekspert på her i livet så er det etterpåklokskap. Ein totalt unyttig eigenskap som ikkje er egna til anna enn å fóre fylleangsten til brestepunktet. Den er velfødd nok med det som er. Det fatale slaget var spikaren i kista for ei kvar framtid her. Ho veit godt kvar ho har meg. Ho veit godt at ho kan få meg kor tid som helst. Men ho vil vist ikkje. Ikkje vart ho vidare imponert av min siste opptreden heller. Eg vart ikkje den staute ryttaren som redda jomfrua i naud slik eg hadde tenkt. No er ho neppe jomfru heller, så det var vel ikkje anna vente.

Knipsar sneipen ut på tunet og går inn i huset for å sjekke at alt er på stell før avreise. Det skal i alle fall sjå skapeleg ut for dei som skal ta over etter meg. Eit takk for sist til dei som stakk her i frå. At eg har klart å halde orden trass alt. Sjølvsagt var det eg som hadde odelen, men det kjendes ut som ei plikt, meir enn eit ynskje å ta over. Fordi ingen andre ville, så måtte eg. I stova er alt avskrudd. Fjernsynet er kopla frå. Både straum og antenne. Flugene i glaskarmen ligg der endå. Ingen teikn til snarleg oppstandelse. Dei får berre ligge. Ein veit jo aldri. Nok av dei som har gravlagd hamsteren sin fordi dei trudde den var daud, når faktum er at dei har ein tendens til å gå i dvale frå tid til annan. Då søv dei så tungt at ein fort skulle tru dei var daude. I staden vert det heile ein grøssar i reine Hitchcock-stil. Eg for min del vil helst ha ei meir sikker avslutning. Kort og brutalt. På kjøkkenet er alt oppvaska og står fint på plass der det høyrer heime. Kjøleskåpet og bosset er tømt. Ingen matrestar i verken skåp eller skuffer som fort lokkar til seg mus og anna utyske. Skal ikkje ha på meg at eg etterlet meg ein svinesti. Sig ned på benken at med det lange kjøkkenbordet. Bordflata ber merker av ei betre tid. Tida då eg var liten og framtida såg rosenraud og bekymringslaus ut. Her sat vi heile familien. Åt alle måltid i lag. Her gjorde vi ungane lekser. Teikna. Lagde julekort. Ikkje få handbakkonkurransar har vorte utkjempa her på tvers av bordet. Sjølv er eg regjerande meister utan å ha ei medalje eller pokal å vise til. Ikkje ein gong ein diplom. Rart med det som var dødsens alvor då  det stod på, men som eigentlig ikkje betyr det slag. No – i etterpåklokskapens lys.

Det har ikkje regna på lang tid. Støvskya står tett etter bilen på veg nedover mot hovudvegen. Like greitt så slepp eg å sjå barndomsheimen forsvinne i spegelen. Hadde tenkt at eg skulle motstå freistinga å sjå, men no slepp eg. Greitt med dei kampane ein ikkje treng å ta. Nede på hovudvegen ber det austover. Vegen mot hovudstaden, Europa og heile den vide verda. For dei som føler seg lokka av slikt. Så langt skal ikkje eg. Det held med ein av dei lange, beine tunellane der det er anledning til å sikte seg inn på ein av dei mange trailerane. Utan at dei kan vike unna. Kanskje dårleg gjort å gjere slik mot ein intetanande sjåfør, men han styrer reiskapen eg treng for å få gjort dette på ein sikker måte. Sikkert utfall for meg, og han kjem truleg i frå heile greia utan ei skråme. I alle fall fysisk. Han får ta det som ein mann som dei seier. Lurer forresten litt på korleis ein gjer det – tar ting som ein mann.

Ironisk nok er det ein strålande dag. Vegen går eit stykke langs eit vatn. Der dansar solstrålane over den lett krusande vassflata. Dei reflekterte strålane frå vatnet verkar minst like sterke som dei som kjem direkte frå kjelda. Solbriller er naudsynt. Musikken på fullt og armen kvilande i det opne sidevindauget. Greitt å gå ut med stil. Ser det står ein person på busslomma nedanfor bedehuset. Sikkert nokon som har vore på møte. Slikt har aldri vore noko for meg. Kan ikkje huske at eg nokon gong har trudd på noko som helst. Ikkje anna enn julenissen og tannfea. Ser no at det er ei dame. Som haikar. Uvist av kva grunn så har eg plutseleg stoppa. Eit lite stykke forbi denne dama som ynskjer skyss. Ser i spegelen at ho slit med seg ein diger ryggsekk mens ho prøvar å skunde seg bort til bilen. Det går sånn passe. Kunne sjølvsagt gått ut å hjelpt ho, men blir i staden sittande – prøvar å tenke over kvifor eg stoppa i det heile. Dette passar slett ikkje inn i mine planar for dagen. Det ville vore veldig dårleg gjort om eg kjørde vidare no før ho rakk fram. Men eg kan gjere det. Uvissa held meg attende lenge nok til at ho rekk fram til bilen. Ansiktet som stikk inn vindauget er eit einaste stort smil. Auga og smilehola viskar på ein augneblink vekk motstanden eg måtte ha for å ta ho på. Går ut å lempar den digre sekken opp i bagasjerommet, mens ho tar plass i framsetet.

– ”Tusen takk altså. No hadde eg nesten gitt opp håpet om å få haik” seier ho i det eg set meg inn igjen i bilen.

– ”Jau, det – er no berre kjekt det” svarar eg. Det var i beste fall ei kvit løgn.

– ”Er ikkje mange som tar på haikarar” held ho fram.

– ”Trudde ikkje det var nokon som dreiv med slikt lengre” seier eg utan at ho ser ut til å bite seg merke i det.

– ”Så – kor langt skal du då?” spør eg i håp om at det ikkje er så langt. I håp om å verte kvitt denne forstyrringa snarast råd. Slik at eg kan få gjort det som må gjerast. Før eg ombestemmer meg. Igjen.

– ”Oslo” svarar ho med ei uforskamma optimisme i stemma som berre kan bety at ho aldri har vore der før.

– ”Du då? Kor skal du?”

– ”Oslo” svarar eg med ein gong, utan å tenkje meg om. Nei, nei, nei. Kvifor i svarte sa eg det?

– ”Skal du? Då kan eg kanskje få sitte på heile vegen då?”. Ho er om mogleg endå meir optimistisk i stemma, og eg kjenner at ho ser på meg med dei store håpefulle auge sine. Prøvar å komme på ein god grunn til at det dessverre ikkje lar seg gjere. Kjem sjølvsagt ikkje på noko. Prøvar å virke opptatt med å få bilen ut på vegen for å vinne meir tid. Det er så lite trafikk at det er ikkje mykje tid å få kjøpt. Eg må krype til korset. Har ikkje ballar til noko anna denne gongen heller.

– ”Jo, det – skulle vel gå greitt det”

Ho har på seg shorts. Ser ut til å vere ei avklipt dongeribukse. Kan for so vidt like godt ha vore laga slik for det eg veit. Uansett heng det kvite trådar nedover dei brune låra hennar. Prøvar å få det til å verke naturleg kva gong blikket glir vekk frå vegen og bort på ho. Det lange lyse håret bølgjer nedover skuldrene. Under ei litt stor skjorte har ho på seg ein kvit singlet med passeleg utringing. Undrar meg over at eg aldri har lagt merke til henne før. Trudde eg hadde oversikt over damene i området. I alle fall dei som er so fine som ho her. Grunnen er gjerne at ho er i yngste laget for meg. Kanskje. Det viser seg at ho er dottera til presten her i nabobygda. Der har vi gjerne den eigentlege grunnen. Vi har rett og slett ikkje vanka i dei same kretsane. Så hadde det kanskje ikkje vore så dumt med litt guddommelig påfyll ein gong i blant. Hadde berre eg vist at han hadde slike eksemplar i flokken sin. Den sniken.

Praten går lett. Lenge sidan eg har konversert med det motsatt kjønn så pass bekymringslaust. Det er som vi tenkjer heilt likt. Så ler ho av vitsane mine, og det utan at det verkar påtatt. Nesten som eg vert forelska. Når ho ser på meg er noko i blikket hennar som får meg til å undre på om ho føler det same. Det ville vore for godt til å vere sant. Men ein skal aldri sei aldri. Mirakel har sikkert skjedd før. Er det rett og slett sjefen sjølv der oppe som har sendt ho for å hindre meg i gjere noko dumt? Vist eg kan få ho her så skal eg gladeleg gå i kyrkja kvar søndag. Trur eg. Skal i alle fall prøve så godt eg kan. Vi har kjørt i mange timar no. Turen vart noko lengre enn planlagt for min del. Kjenner svolten gneg. Foreslår at vi stoppar og tek oss ein matbit. Eg skal spandere sjølvsagt.

Desse vegkroene er ikkje akkurat noko å skrive heime om. Men dei gjer vel sin misjon. Er i alle fall mett. Tilbake i bilen leita eg etter noko romantisk musikk, men kva skulle vere? Går for Chris Isaak – Wicked Game. Kanskje ikkje veldig romantisk når eg tenkjer meg om. Ikkje om ein høyrer skikkeleg etter. Får tru ho ikkje gjer det. Er no uansett fin køyremusikk.

– ”Kor langt er det igjen til Oslo trur du?” spør ho.

– ”Tja, litt over ein time vil eg tru. Mindre enn to i alle fall.” svarar eg.

– ”Supert! Då skal eg sende ei melding til typen min og sei at vi møtast snart” seier ho. Det er mogleg ho seier noko meir, men det får eg i så fall ikkje med meg. Det kjennes ut som nokon har slått meg midt trynet. Hadde eg stått oppreist hadde eg sege i hop som ein skadeskoten hjort. Ho har altso ein type ventande der framme. Så har eg nok ein gong missoppfatta situasjonen. Eg som syns vi hadde fått så god kontakt. Eg som trudde det endelig var min tur. Her fraktar eg ho i staden rett i hendene på ein annan kar. Det mørknar att. Innvendig. Rundt svingen der framme kjem det til syne eit digert beist. Klar til å angripe med nådelaus kraft. Klar til å gjere ende på det skadeskotne dyret. Med nok fart og tyngde til å utslette alle små usselige kryp som kjem i vegen. Beistet har lys både høgt og lågt. Ein trailer med utanlandske skilt. Ho er for oppteken med telefonen til å legge merke til den urovekkande duringa når hjula kryssar midtlina. Først dei på venstre side. Like etter dei på høgre. Møter blikket til karen i førarhuset. Han ser redd ut. Desperat. Men han kan ikkje gjere noko. Det er for kort tid til det. Det hjelp ikkje å tute. Sjølv om alt går i sakte film kan han ikkje gjere enn anna å vente på det uunngåelege. Dashbordet hans er fullt av lys og flagg. Han har eit namneskilt rett framfor seg – Janek. Ho har tydelegvis oppdaga kva som er i ferd med å skje. Set i eit skrik like skingrande som ein gris på veg til slaktebenken. Eg held blikket til Janek. Prøvar med det å signalisere at dette er heilt ok. Det er ikkje hans feil. Tre tilfeldige personar. Eit tilfeldig møte. Det er berre ein av desse tinga i livet som berre må gå sin gang. Janek sin trailer har veldig sterke lys. Spesielt på nært hald. Kvitt lys. Overalt.

You learn

Det kjem som ei stor overrasking då Lisbeth seier at ho ikkje vil vere i lag med han meir. Sånn heilt ut av det blå. Ho hadde jo sagt at ho ville elske han always forever den fredagskvelden i baksetet på Asconaen. Det var då Donna Lewis kom på anlegget og song «I love you always forever» ho sa det. «Ja, det gjer eg» hadde ho sagt. Han skjønte ikkje kva ho meinte med det. Då lo ho litt og sa «Eg elska deg vel – always forever». Det betyr for alltid skulle han meine. Og no står ho her å seier at det er slutt. «Men vi kan jo vere venner» sa ho og. «Æh – ja det kan vi» svarte han i ørska. Han skjønar ikkje heilt kva som har skjedd. Dei som nett hadde tre-vekers-jubileum. Ho var den første kjærasten han hadde hatt. At det skulle vare always forever på første forsøk var kanskje litt optimistisk, men noko lengre enn dette hadde han no venta.

Det er vel ikkje anna å gjere enn å gå heim. Etter kvart som han får gått av seg litt av skuffelsen går humøret meir over i sinne. Venner liksom. Det kan ho berre gløyme. Han er så sint at han sparkar hardt i autovernet. Det gjer ganske vondt, men han latar sjølvsagt som ingenting og går vidare – lett haltande. Når han får tenkt seg endå litt meir om så var det i grunn ikkje anna å vente. Det er noko med damer som høyrer på Alanis Morissette. Dei blir litt vanskelege å ha med å gjere. Ho gav han ein Morissette-CD i gåve på tre-vekers-dagen deira. No i ettertid ser han at det truleg var eit hint. Men godtruande som han er, tok han sjølvsagt ikkje det. Den CDen skal i alle fall rett i boss når han berre kjem seg heim. Litt irriterande at det er ein ganske god CD.

Når han no veit korleis det kjennes ut å bli dumpa, er han usikker på om det er verdt å utsette seg for den faren igjen. Det er ikkje berre i foten det gjer vondt. Det er fleire fisk i havet har han hørt folk seie i slike situasjonar. Men han har eigentleg aldri vore spesielt begeistra for fisk. Han er meir ein kjøtmann. Han er truleg av den maskuline typen som passar best aleine. Der han går langs vegen føler han seg som ein einsam cowboy på veg mot solnedgangen. Kanskje han skulle satse på hest.

Ein «Jagged little pill» høyres ikkje ut å vere så lett å svelgje. Å kaste denne CDen er heller ikkje det han helst vil. På ei anna side er han litt bitter. Før den går i bosset skal han i alle fall høyre «Ironic» ein siste gong. Eller kanskje «You Learn» passar betre på ein dag som denne. Han kjenner seg godt att i tekstane. Spesielt no. Det er noko bittert med Alanis og songane hennar og. Men det er vel gjerne slik livet er. At ein får servert pillar i ulike formar og fargar. Nokre vanskelegare å svelgje enn andre. Etter nærmare ettertanke er det kanskje litt forhasta å kaste den CDen no så raskt. Det kan jo hende ho angrar i morgon.

 

Det er ei tid for alt

Utsikta frå varden er upåklageleg. Her i frå ser ein om lag heile den langstrakte dalen. Heilt til endes kan ein sjå. Det er i grunn berre kvaliteten på auga det står på. Eller kikerten om ein har det. Anders har ein veldig god kikert. Han set ofte her og ser utover. På alle gardane. Nokre meir velhaldne enn andre. Han ser rett ned på huset og garden der han og broren Knut bur. Ein av dei velhaldne om han skal sei det sjølv. Og det må han nok for det er neppe nokon andre som seier det. Garden ligg for seg sjølv heilt innerst i dalen. Rett under fjellet der Anders no set og kviler. Sjølv om han framleis er ganske sprek har åra sett sitt preg på kroppen. Det er ikkje med like lette steg han forserer liene og bakkane no som før. Men det skal mykje til for å hindre han i ta turen opp her. Han vert aldri lei denne utsikta. God trim er det og. Minst tre gonger i veka. Det er han som alltid har vore den spreke av dei to. Dei siste åra, spesielt det siste, har vore hardare for Knut enn han sjølv. Dei har budd på garden heile livet. Det har sjølvsagt vore damer innom, men ingen av dei fall i smak. Det er i alle fall den forklaringa dei sjølv brukar å komme med om temaet skulle komme opp. Det er lenge sidan det var for seint for slike ting så det er ikkje så mykje å dvele over no. Anders ser på klokka. Det er på tide å komme seg ned att. Postmannen kjem snart med trygda. Det er Anders som tek seg av slike ting. Foreldra såg tidleg at Knut var meir av den praktiske sorten. Etter at dei tok over har Knut hatt ansvaret for bygningane og maskinene på garden. Anders har tatt seg av papirarbeid og økonomi. Resten har dei delt på.

Anders har så vidt sett seg på trappa då postbilen svingar inn på tunet. Vanlegvis puttar han posten i kassa, men trygda vert levert på døra ein gong i månaden. Han helsar, men vert sittande. Han er meir sliten etter turen enn han likar å innrømme.

– «God dag. Står til?» seier postmannen som har sveiva ned ruta. Han heiter Harald og har kjørt denne ruta fast i mange år. Sikkert snart 30.

– «God dag. Jau då, ein kan vel ikkje klage» svarar Anders, og håpar på at Harald har tenkt å komme ut av bilen med posten og trygda slik at han slepp å røyse seg.

– «Flott vær i dag.» Harald ser ned i veska si mens han snakkar.

– «Det er ikkje så verst. Har nett vore opp på varden ein tur.»

– «Du helde deg godt. Kva Knut drive med då? Lenge sidan eg har sett han.»

– «Nei du veit – han har no alltid eit prosjekt på gong.»

– «Han har vel da. Ja, ja, eg har no med meg trygda i dag.»

Anders er begynt å bli irritert. Det er tydeleg at Harald ikkje har tenkt å komme ut av den pokkers bilen, så han må nok pent røyse seg. Men han skal no alltids greie det, sjølv om både kne og korsrygg protesterer. Han får retta seg ut, og går med bestemte steg bort til bilen. Han signerer slik som vanleg og får post og pengar i retur. Dei har bedt om å få trygda utbetalt kontant. Stolar ikkje det slag på desse bankane. Etter at all nødvendig høfleg prat er gjort unna kan dei omsider avslutte samtalen og gå kvar til sitt. Anders går inn på kjøkkenet. Knut ligg på divanen inne i stova. Dei krangla i dag tidleg. Anders meiner dei burde legge ned. Det er ikkje økonomi i sauedrift lengre. Sjølv ikkje på den spartanske måten dei driv. I alle fall ikkje i forhold til arbeidsmengda. Dei vert ikkje yngre med åra heller. Kanskje dei kunne flytte til Spania slik som mange andre på deira alder har gjort. Knut ville ikkje høyre snakk om noko slikt.

– «Sliten i dag?» ropar Anders, men får ikkje noko svar. Ikkje så uvanleg det. Knut er ikkje av den pratesalige sorten. Ein kvalitet som ikkje gjorde det lettare å få damene til å bli verande på garden. Det vert ikkje spesielt betre når han er sur.

– «Kaffien er vorten kald så eg set på ei ny kanne.» Han får ikkje heilt tak i svaret frå stova, men tar det uansett som eit ja. Knut er ikkje den som seier nei takk til kaffi. Han lagar seg to skiver med smør og sukker mens han ventar på at kaffien skal renne ned. Han finn fram eit fat, to koppar, heller kaffien over på termosen og tar alt med seg inn i stova. Knut ligg med avisa over ansiktet slik han brukar å gjere når han vil sove, eller berre ha litt tid for seg sjølv. Det hindrar ikkje Anders i å prate i veg.

– «Eg har tømt i kaffi til deg altso» seier han og set seg i godstolen. I frå den ser han ut vindauga som vender mot sør og vest. Med utsikt til løa, bøen og vidare nedover dalen. Her sit han ofte og filosofera over livet. Tenkjer på om alle dei vala han har gjort i livet har vore dei rette. Han tenkjer ofte på ho eine som glapp. Det var noko heilt spesielt mellom dei to. Men det vart ikkje til at han gjorde noko med det. Til slutt vart ho lei av å vente. Er det noko han angrar på så er det at han let ho gleppe. Det, og at han endå ikkje har fortalt Knut at slaktebilen alt er tinga. Dei har diskutert drifta mange gonger, men dei vert aldri einige. Til slutt bestemte Anders seg for at no var det nok. Utan å informere Knut har han ordna det slik at i morgon tidleg kjem slaktebilen og hentar alle sauene. Han burde sikkert fortelje det snart.

Neste morgon står Anders på tunet og ser slaktebilen forsvinne nedover vegen. Det er så vidt sola greier å halde seg over fjellryggen. Einaste skya i sikte er frostrøyken rundt hovudet hans. Det er ei sky inne i Anders og. Det var meir sårt å sende frå seg sauene enn han hadde sett føre seg. Men no er det gjort. Sjølv om det er vemodig kjenner han og at skuldrane letnar. Knut reagerte overraskande roleg når Anders omsider fekk fortalt kva som var i gjere. Kanskje han var glad for at Anders hadde tatt valet for dei. Så slapp han sjølv. Men han ville ikkje vere med ut når sauene skulle hentast. Anders går inn på kjøkkenet. Set på litt kaffi. På golvet står kofferten ferdig pakka. Flybilletten til Spania ligg på bordet. Om litt kjem taxien. Anders tek med seg termosen og to koppar inn i stova. Knut ligg på divanen med avisa over ansiktet.

– «Eg har tømt i kaffi til deg altso» seier han og set seg i godstolen. Ein siste gong sit han her og ser utover det heile. Ein siste gong før turen går sørover til varmare strøk. Livet her på garden har vore godt. Men no er tida inne for å bryte opp. Det er ikkje det same lengre. Taxien er komen. Han tar med seg koppane ut på kjøkkenet, slår ut resten av kaffien, vaskar dei raskt i kaldt vatn og set dei til tørk i stativet. Så tar han med seg kofferten og billetten ut på trappa. Låser døra bak seg og set seg i taxien som skal ta han til flyplassen. Knut ligg på divanen i stova. Med avisa over ansiktet. Slik han har gjort det siste halve året.

Ingen veg tilbake

Det er trettisju fjøler på veggen. Trettisju lengder med ståande furupanel. Heile lengder av første sortering. Lite kvist, ingen skøytar. Eg har sete her i heile kveld og berre sett på den veggen. Telt fjøler. Fleire gonger for å vere sikker. Ein gong kom eg til trettiåtte, men det var feil. Det er trettisju. Eg tel dei ein gong til for å vere sikker – og for å gløyme.

Det er først når ein tek ned eit bilde ein legg merke til kor mykje det ein gong så trekvite furupanelet har falma. Då alt var nytt var heile veggen slik. Lys og fin. Den gongen trudde vi det kom til å vere slik for alltid. Sjølv om vi inst inne veit at slik er det ikkje. Vi vil ikkje innsjå at ting kan endre seg. Men alt falmar med tida. Spesielt furupanel. Vi legg berre ikkje merke til det. Vi merkar ikkje så godt endringar som går gradvis. Ein lys firkanta flekk på veggen minner om det som ein gong var. Om ei stund vil den og vere vekke. Så er alt gløymt.

Eg prøvar å overhøyre bankinga på døra. Du vil inn, men eg bryr meg ikkje. Vil ikkje snakke med deg. Ikkje no. Du kjem rett inn likevel, med skoa på. Rett frå den skitne gata og inn på parketten. Kastar jakka di på golvet. Eg møter ikkje blikket ditt, men eg veit korleis det ser ut. Eg har sett det før. Røyser meg og går ut på kjøkkenet. Spør om du vil ha kaffi, men du svarar ikkje. Du spør meg i staden korleis eg kunne gjere noko sånt. No er det min tur til ikkje å svare. Brukar ekstra lang tid på å lage ei heil kanne kaffi som ingen kjem til å drikke. Alt for å utsette samtalen lengst mogleg.

– «Har du tatt ned bilde og?!» ropar du frå stova. Ikkje uventa, men det tok lengre tid enn eg hadde trudd. Rekna med at du ville oppdage det med ein gong.

– «Lettare å ikkje tenkje på det då» seier eg i det eg kjem inn igjen i stova. Har med meg kanna og to koppar som blir plassert på sofabordet. Synk ned i stolen der eg har tilbrakt kvelden. Ingen av oss seier noko meir på ei stund. Eg høyrer du trekk pusten slik du brukar å gjere rett før du skal til å sei noko alvorleg. Men det kjem ingenting. På tredje forsøk får du det til.

– «Vi kunne ha prøvd eit eller anna» seier du.

– «Nei – det var ingen annan utveg» protesterer eg med meir kraft i stemma enn eg hadde tenkt.

– «Er du heilt sikker på det?» Eg kjenner at du ser bedande på meg. Ein liten augneblink vert eg usikker. Kanskje det var noko vi kunne ha gjort? Men eg skubbar tanken fort frå meg. Har vore igjennom dette mange gonger før. Det var ingen annan utveg.

– «Ja – eg er heilt sikker» svarar eg. Litt meir dempa denne gongen. «Vi har brukt nok pengar på den bilen. Var på tide å skrape den no.»

Jasså, du er her du og?

– «Jasså, du er her du og?»

Eg snur meg i retning av lyden og får augekontakt med avsendaren. Blikket bekreftar at det var meg vedkommande snakka til. Ansiktet verkar kjent, men kjenner eg deg? Ansiktsuttrykket ditt seier ja. Panikken kjem snikande. Prøvar febrilsk å tvinge fram eit namn, men hjernen har aldri vore tommare.

– «Joda – du og ser eg» seier eg for vinne tid. Smiler, men er ganske sikker på at det ser minst like stivt ut som det kjennes.

– «Kjekt å sjå deg» seier du og smiler.

– «Jau – takk det same», fylgjer eg opp. Nærmast på autopilot. Svetten renn nedover ryggen sjølv om det eigentleg ikkje er så varmt her. Studerer vaskelappen på t-skjorta eg har i handa inngåande som om namnet ditt skulle stå der.

– «Lenge sidan sist» seier du og kjem endå nærmare. Eg ryggar eit lite steg som eit skremt lite dyr som er i ferd med å bli pressa opp eit hjørne. Det har framleis ikkje dukka opp eit namn.

– «Ja, er ei stund sidan no» svarar eg. Eit relativt trygt svar som held meg flytande ei lita stund til. Forhåpentlegvis lenge nok til at namnet ditt dukkar opp frå ein mørk stad der inne.

– «Det må ha vore på den famøse festen du veit» seier du og ler. Har eg vore på ein slik fest? Eg veit ikkje. Kan ikkje huske noko som helst.

– «Kan stemme det» seier eg likevel. Herregud dette blir berre verre og verre. Eg kunne ha spurt, men no er det for seint. Forbannar meg sjølv. Svikta av min eigen hukommelse. Kva gjer eg no?

Love og sånt

Eg trur ho veit at eg lika ho. Eg trur òg at ho veit at eg veit at ho veit det. Eg trur kanskje ho likar meg og. Dersom det er tilfelle det eg trur eg veit, så er det jo ikkje noko å vere redd for. Då er det berre å hoppe i det. Få det gjort. Men eg veit ikkje. Eg berre trur. Det kan jo godt hende eg eigentleg ikkje veit det eg trur eg veit. Då blir det forferdeleg flaut vist eg hoppa i det. Heilt krise rett og slett. Då kan eg ikkje vise meg blant folk igjen. Må rett og slett flytte her i frå. Men det kan eg jo gjere. Det går jo heilt fint. Folk flyttar heile tida. Ingen som har tatt skade av det. Tvert om faktisk. Ut å sjå verda. Det er berre sunt. Kan ikkje gå rundt her heile livet. Det er ikkje sunt. Burde jo prøve å bu i ein skikkeleg storby. Det burde i grunn alle prøve ein gong i livet. Ikkje sånn for alltid, men ei lita stund. Men finst det store nok byar i Norge? Neppe. Bør satse stort når det først skal satsast. Ikkje vits i noko sånn halvhjerta greier heller. Då kan ein no like godt drite i det. Men det er litt skummelt og. Heilt aleine i ein framand by. I eit framand land. Eit land der eg ikkje kan språket ein gong. Nei det går ikkje. Eg må jo kunne snakke med folk. Det må bli eit land der dei snakkar engelsk. Skikkeleg teit at eg ikkje tok språk i valfag på skulen. Skulle sikkert ha følgt betre med i engelsken og for så vidt, men det får gå. Forresten ikkje so veldig mange land der dei snakkar engelsk. Er vel berre England det. Ja og så USA selvfølgeleg. Pokker ta. Skulle ha tatt språk på skulen. Tysk eller spansk eller noko. Eller – tysk snakkar dei vel berre i Tyskland? Dit gidd eg no ikkje å reise. Spansk derimot – det snakkar dei overalt. Skulle tatt spansk, men det gjorde eg då altså ikkje så då blir det England – eller USA. Forresten så snakkar dei jo engelsk i Australia og, men det blir for langt. Orka rett og slett ikkje å sitte på fly så lenge. Er no litt langt til USA og for så vidt. England er meir passeleg. Skulle no ha klart å gjort meg bra forstått i Sverige. Dit kan eg jo køyre. Så slepp eg heile flytullet, med innsjekking og sikkerheitskontroll og sånt. Men det blir jo veldig trasig å reise aleine. Kanskje eg skal spørje om ho vil vere med. Det hadde vore noko. Då skulle vi fått det fint. Men då må eg først finne ut om ho lika meg. Det trur eg ho gjer. Eg lika i alle fall ho.

No har vi stått her i sikkert 5 minutt utan at nokon har sagt noko. Etter «Hei» gjekk praten i stå kan du sei. Og no er det ikkje fleire steinar igjen i vegen å sparke vekk heller. Det er vel berre å få det ut. Men eit eller anna hindra meg i å sei det eg vil sei. Ei propp i systemet. Eg veit ikkje kvifor. Sikkert fordi eg innerst inne ikkje har lyst til å flytte. Det er jo trass alt ganske fint å bu her. Her veit eg korleis ting er. Språket kan eg flytande. Kvifor er det forresten eg som skal flytte? Det kan no ho gjere. Eg har no ikkje gjort noko gale. Kjærleikens vegar er usaklege, eller kva dei no enn seie. Ikkje noko eg kan gjere med det. Dersom ho skal legge kjeppar på vegen så kan no jaggu ho berre flytte. Ja det syns eg. Plutseleg er det som proppa forsvinn og ut kjem det eg har på hjarte. «Eg trur eg elskar deg for pokker.» I ettertid er det lett å sei at val av ord kanskje ikkje var det aller beste. Men når sant skal seiast så var det ikkje slik det høyrtes ut inne i hovudet mitt i det knapt kvarte sekundet eg tenkte meg om før eg hoppa i det. Eller tenkte og tenkte. For å vere heilt ærleg var det litt kaos inni der så eg veit i grunn ikkje kva som var planen å sei. På ei anna side – eg trur det funka litt. Ho berre smilte. Eg trur vi er i lag no. Vi kyssar i alle fall.