Spanish Steps

Must have been walking
Don’t know this place
Somebody stopped talking
It is written in my face

Thought I’d never leave you
Thought I’d never dare
But I watched you going under
That’s a thought I could not bear

Spanish steps – Morten Harket

Så fort den siste sikkerhetskontrollen på Gardermoen er passert, og vi finn oss blant eit hav av moglegheiter og fantasiske kupp i tax free-en, kjenner eg at skuldrane senkar seg. No er det liksom gjort. Ingenting som kan klusse til reisa no slik at vi ikkje kjem oss til Roma likevel. For er det noko vi treng, så er det denne ferieturen. Rett nok berre ei langhelg, men likevel. Vi har begge jobba alt for mykje den siste? Ja, kor lenge snakkar vi om eigentleg? Siste året, minst. Siste to åra. Tre. Det har i grunn vore eit jag sidan studietida. Eit rotterace for å komme seg opp og fram. Det har vore som å springe framfor oksane i Pamploa, berre at ein aldri kjem i mål. Alltid ei ny etappe. Det går fort på humøret. Småting blir av ein eller anna grunn kjempestore. Men no skal det bli betre. Berre vi får slappa av litt.

Senga på hotellet er god den. Alt for glatt laken sjølvsagt, men elles behageleg å ligge i. Det skulle jo for pokker vere råd å sove. Kjenner på ei sitring i heile kroppen. Snur meg kvart trettiande sekund. Uråd å finne ei stilling der kroppen slappar av. Det vert ikkje akkurat betre av å høyre på den infernalske pustinga di. Blir gal av plystrelyden i nasa kvar gong du trekk pusten. Sparkar deg i leggen slik at du snur deg andre vegen om ikkje anna. Endeleg blir det stille ei lita stund.

«No må du stå opp!» Det er berre så vidt augene lar seg opne. Kroppen strittar i mot so godt den kan. Trøttare no enn når eg la meg. Vi har ikkje reist til Roma for å ligge inne seier du. Vi må ut å sjå. Det er so mykje å sjå. Spørs om vi rekk alt. I alle fall ikkje om eg blir liggande her. Seier du. Eg – har hovudverk.

Kelneren kjem med den tredje vinflaska. No har vi det fint. Sittande her på fortausrestauranten, med sola i ansiktet og god vin i glaset. Kjenner at kroppen slappar av. Svevande på ei sky. Vi burde kanskje ikkje seier du. Slapp av seier eg. Ingenting vi skal rekke. Kjenner irritasjonen begynne å vekse i meg, men skyller den ned eit heilt glas vin. Alt er fint igjen.

Plutseleg står eg der. Ser nedover ei trapp eg ikkje kjenner. Folk ser på meg. Men ikkje som om eg var ein kjendis. Blikka viser meir avsky enn beundring. Eg ser på meg sjølv. T-skjorta som til vanleg er kvit er farga raud. Det er delvis buksa og. Er det raudvin? Tomatsaus? Huskar ikkje. Vart eg så full? Vi tok det vist heilt ut denne gongen. Men det er viktig å sleppe seg litt laus. Det gjer jo ingenting, når vi er so langt heime frå. Ingen som kjenner oss her. Men kvar er du? Du er ikkje med meg. Prøvar å huske. Kanskje du gjekk tilbake til hotellet. Kanskje du var trøtt. Sjølv om det er so mykje vi skulle sett. Treng å kvile du og. Kniven i handa fortel ei anna historie.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s