Eit mareritt før jul

skog

Photo by ironpoison

Dette går ikkje så mykje lenger kjenner han. Han har halde det hemmeleg alt for lenge med det som er.  I beste meining sjølvsagt. I eit desperat håp om at ting skulle ordne seg utan å måtte uroe fleire enn høgst nødvendig. Det vil sei ingen andre enn han sjølv. Ingen grunn til å dra andre med seg ned i driten. Ikkje før ein må i alle fall. Dette er det han som må ordne om han er noko til kar. Kva kan han elles brukast til? Husefyll kallar dei slikt som berre tek opp plass utan å gjere noko nytte. Han har klamra seg til alle dei halmstråa han har funne, men no er det ingen att. Kvart eit strå har visna hen. Han har kjørt båten så langt ut på havet at han ikkje ser land nokon stad. Det er som han har falle over bord der ute på havet og er i ferd med å tape kampen mot kreftene som dreg han under. Han hiv etter pusten det beste han greier, men innerst inne har han gitt opp. Det går ikkje. Det er ikkje håp. Han kjenner kvalmen pressar på. Det er sikkert alt det salte vatnet han har svelgt som gjer det tenkjer han. Inntil han kjem på at han er ikkje langt ute på havet og kjempar for livet. Han sit i bilen. Bilen som han nettopp har parkert utanfor huset. I det huset han, Cecilie og dei tre borna deira bur. Han ser dei gjennom kjøkkenvindauget. Dei ventar heilt sikkert med middagen på bordet. Ventar på at han skal komme heim frå jobb. Det er best han går inn no. Det er grenser for kor lenge ein kan sitte slik i ein bil etter at den er parkert før nokon tykkjer det verkar litt rart. Han må for all del unngå å gje nokon grunn til å stille spørsmål. Han vil nødig måtte lyge. Ikkje meir enn nødvendig. Ikkje meir enn han alt har gjort i alle fall. Eller – han har strengt tatt ikkje løge. Trur han. Ikkje som han kan huske. Når ein prøvar å oppretthalde ein falsk fasade er det vanskeleg å halde styr på alt som har vore sagt og ikkje sagt. Det å ikkje sei sanninga er ikkje det same som å lyge. Det er i alle fall den definisjonen han vel å bruke.

Han stig ut av bilen og går langs den smale gangstien som leiar opp mot huset. Det er kaldt. Det knirkar i snøen for kvart steg han tar. Dei store stoveglasa i andre etasje er pynta med adventsstjerner og lysestakar. Det er to veker til jul og han burde ha kjent på julestemninga etter kvart, men det er lite truleg at den kjem i år. Det er ikkje akkurat det gode bodskap han har å komme med til familien. Difor kjem han ikkje til å fortelje noko endå. Ikkje no før jul. Kva godt skulle det komme ut av det. Nei han vil at familien skal ha denne jula om så det blir den siste. Han stoppar opp eit lite sekund og trekk pusten djupt før han går inn. Han ser føre seg at alle skodespelarar gjer det rett før dei går på scena. Han kjenner seg av og til som ein skodespelar. Ein som for tida spelar si livs rolle. Den neste scena skal utspele seg i huset der han vaks opp. Huset han måtte kjøpe etter at faren gjekk bort. Han vart desverre ikkje så gammal som han burde. Livet sette sine spor og gjorde sitt for at kroppen eldast fort. Einaste arven etter faren var at han måtte kjøpe barndomsheimen sin frå mor si. Ho ville ikkje ha det, så det skulle han kjøpe sa ho. Hadde aldri likt seg der sa ho rett etter at faren var gravlagd. Ho hadde alltid hatt lyst til å bu i leilegheit i sentrum. Det var faren som ville ha einebustad og hadde draumen om eit forstadsliv med stor H – hus, husmor, hage, hund og hundrevis av ungar. Huset bygde han sjølv. Eit typisk husbankhus slik alle bygde på syttitalet. Det viste seg etter ei tid at kona han hadde funne seg var eit heller dårleg husmoremne. Det vart med den eine ungen og hund var ho angjeveleg allergisk mot.

Praten rundt middagsbordet til familien Lavik går om dagens små og store hendingar. Sjølv har han ikkje så mykje å bidra med. Har nok med å konsentrere seg om det dei andre fortel. Ungane snakkar om teite klassekameratar og snille lærarar. Eller var det omvendt? Aller mest ivrige er dei med å fortelje om alt dei ynskjer seg til jul. Det knyter seg i magen. Er ingen ting anna han ynskjer seg meir enn å kunne gje dei alt dei vil ha. Hadde han berre kunne gjort det. Cecilie har ei lang utgreiing om ei eller anna Jorunn. Han trur kanskje det er ei ho jobbar med, men er ikkje sikker. Han kjenner på seg at han burde vist kven det er og kan difor ikkje spørje. Etter maten er ungane unormalt flinke til å dekke av bordet. Dei nærmast slost om å få gjort mest. Dei set på kaffi og vaskar opp skitne panner. Det er ikkje kvardagskost. Trur kanskje ei og anna rein panne vert vaska og. Rart kva forhåpningane til eit nært føreståande gåvedryss kan gjere. Igjen knyter det seg. Denne gongen i halsen. Det er berre så vidt han greier å halde tårene vekke. Han må svelge hardt fleire gonger og kjem på at han må sjekke noko greier nede i gangen. Skundar seg ned trappa. Det er ingen ting som treng sjekkast, men han vinn tid. Tid til å komme seg hektene igjen. Det var nære på at han datt ut av rolla som den perfekte familiefaren.

Neste morgon er heile familien i full sving for å bli klar til å ta fatt på dagens oppgåver. Denne morgonen skil seg lite frå dei andre morgonane hos familien Lavik. Intens og hektisk. Prega av rutinar, men likevel alt for lita tid. Ungane skal på skulen og bør difor aller helst rekke skulebussen. Cecilie jobbar på servicetorget i nabokommunen. Ein av grunnane til at dei må ha to bilar. Det er dyrt med to bilar. Det er dyrt med ein bil, men kva skal ein gjere. Det fins ingen alternativ. Sjølv gjer han seg klar til ein dag på kontoret. Dressen er på, den kvite skjorta er nyvaska og stroken. Han står på badet og ser på seg sjølv i spegelen. Med ei blanding av fortviling og sjølvforakt. Furene i det grå ansiktet må ha vorte djupare det siste halve året. Han knyter slipset og drar til. Heilt til det stramar rundt halsen. Ikkje ulikt ei rennelykkje tenkjer han. Kanskje han berre skulle fortsette å dra til. Få det overstått. Cecilie ropar frå kjøkkenet, men han får ikkje med seg kva ho seier. Det er ho tydelegvis vant med for ho ropar på nytt med ein gong.
– HØYRE DU? Du MÅ huske å kjøpe juletre i dag. Det skal inn før helga. Greitt?
Det var meir ein ordre, enn eit spørsmål.
– Jada det skal eg huske, svarar han.
– Den har eg hørt før. Det må inn til helga. Søstern kjem på besøk altså. Du huskar vel det?
– Jada, jada eg huskar det.
Akkurat det er heilt sant. Han huskar veldig godt at Berit og Johan skal komme på besøk. Det kunne i grunn ikkje passa dårlegare. Er det nokon han ikkje kan fordra så er det svogeren Johan. Ein meir ufordrageleg og sjølvskrytande person skal du leite lenge etter. Skal alltid fortelje om dei siste investeringane, den neste ferieturen og alle dei dyre tinga han har kjøpt. Ikkje så veldig interessant å høyre på. Cecilie fortset å snakke der inne på kjøkkenet. Om det er til han eller ungane ho snakkar til er ikkje godt å sei. Han har slutta å høyre etter. Det er best å komme seg inn til sentrum før det kjem fleire ordrar eller ubehagelege spørsmål. Ikkje det at han klagar, men akkurat no har han ikkje så mykje å bidra med.

Han set seg inn i den alt for dyre bilen. Meir eit statussymbol enn framkomstmiddel. For personar som han sjølv er det visse ting ein berre må ha, for liksom ikkje å tape ansikt. No kjennest det ganske meiningslaust. På veg inn mot sentrum tenkjer han på dagens gjeremål. Lista burde vore full, men det er lenge sidan det var tilfelle. Det einaste han har på lista i dag er å skaffe det juletreet og ringe mor si. Juletre skulle normalt vore ei grei sak å ordne. Inne i sentrum køyrer han forbi fleire juletreseljarar, men han skal ikkje snakke med nokon av dei. Ikkje i år. Telefonen til mora blir endå vanskelegare. Snart kjem han fram til den store kontorbygningen der han jobba. Ein stor koloss i glas og betong. Høgkonjunkturen si høgborg. Huset ligg nede på kaia der det ein gong i tida var storstilt industriaktivitet. Men det er lenge sidan no. Før det vart for dyrt å lage ting her i landet. På eit eller anna tidspunkt fant nokon ut at det var mykje billegare å lage ting andre stadar i verda. Arbeidskarar i kjeledress vart skifta ut med såkalla herrar i dyrare og finare dressar. Han var ein av dei som kom inn. Bygget kjem til syne i det han rundar hjørnet på kjøpesenteret. Det er ikkje vanskeleg å sjå slik det lyser opp. Utanfor står det eit juletre som er mykje større enn det kommunen har sett opp utanfor rådhuset. Sjølvsagt måtte det vere det. Han nærmar seg innkjørselen utan å slakke på farten. Tvert i mot trakkar han litt ekstra på gassen i det han passerer og køyrer forbi. Han skal ikkje på kontoret i dag. Han jobbar ikkje der lenger. Krisa i oljemarknaden gjorde han overflødig over natta. Bokstavleg talt. Det er nok berre mellombels sa dei. Når ting berre kjem på rett kjøl igjen så skulle han få jobbe igjen. Det var det dei sa. Då. For snart eit år sidan. No har han innsett at det som berre skulle vere mellombels truleg blir permanent. Han har prøvd å finne seg ein annan jobb, men oljeingeniørar er det lite bruk for. Spesielt på ein så liten stad som dette. Ikkje mykje anna aktuelt å finne heller. Det tærer på økonomien. Alt av sparepengar er vekke for lengst. Han har måtta tatt den fornedrande turen til mor si og bedt om pengar, men der var det lite å hente. Ho hadde ikkje pengar sa ho, men det veit han ikkje stemmer. No er situasjonen desperat. Banken tar sikkert huset snart. Han blir nøydt til å be ho om hjelp ein gong til. Be på sine kne. Berre han får forklart kor alvorleg situasjonen er så vil ho sikkert trå til. Ved den gamle kaia snur han bilen og køyrer tilbake den vegen han kom. Familien er garantert reist til sine gjeremål innan han er heime igjen. Han må heim å hente sag og klede som egnar betre til juletrehogst enn dressen han har på seg no. Ikkje at han har avtale med nokon om å få hogge, men det gjeld berre å finne ein stad som er avsides nok. Slik at ingen ser det.

Det er ikkje meir snø enn at ein kan gå i skogen utan problem. Men han lagar spor. Det er litt dumt, så han går eit stykke langs vegen frå der han parkerte bilen før han skjær ut og smett inn mellom trea før nokon ser han. Det går ei tid, lenge etter at han vart omgitt av tre på alle kantar, før han registrerar kor stille og fint det er her. Ein får ikkje eit meir nasjonalromantisk julekortmotiv enn dette. Han vert berre gåande og nyte synet. Det er rein meditasjon å gå slik. Medisin for sjela tenkjer han. Han som alltid har fnyst av folk som sleng rundt seg med slike metaforar. Det kjem han sikkert fortsatt til å gjere dersom nokon skulle konfrontere han med det. For ei lita stund er alt det elendige gløymt. Den eigentlege grunnen til at han er her er òg gløymt. Han held fram med å gå innover i skogen utan anna mål for auget enn å gå og sjå. Gløymer tid og stad. Etter ei stund kjem han til ei lita lysning. Han kostar litt snø av ein stein og set seg på den. Kor lenge og kor langt han har gått veit han ikkje. Han kjenner seg ikkje att, men heldigvis er det sporsnø så han skal nok finne vegen tilbake. Det blir lite juletre av slikt, men det ser ut som dei fleste trea her omkring er brukbare juletreemne. Han blir sittande ei stund på steinen og tenkje. Sjølv om turen i skogen har fått tankane vekk frå elendigheita ei lita stund er den aldri langt vekke. Han tenkjer på korleis han skal få mor si til å hjelpe dei. I ein kvar normale familie ville det ikkje vore eit tema. Men det er i normale familiar. Han vaks ikkje opp i ein normal familie. Eller faren var nok relativt normal, men han mistenkjer mora for å ha visse psykopatiske trekk. Empati er det i alle fall dårleg med. Frå ein stad heilt bakerst i hovudet har det vokse fram ein tanke så utenkjeleg som det går an. Ein tanke han ikkje har turt å ta inn over seg. Sittande der på steinen i skogen bestemmer han seg likevel for at det er ingen veg utanom. Han veit kva som må gjerast, men korleis – det veit han ikkje endå. Men å bli sittande her går ikkje. Han finn fort fram til eit passande tre og dreg det med seg tilbake. Vegen tilbake til bilen er mykje lengre enn venta. Etter mykje styr er omsider treet på plass på taket og relativt godt sikra. På veg heim kjem han plutseleg på ei løysing på alle problema. Det er jo nesten latterleg enkelt. Han kjenner seg nesten stolt av å komme opp med ei så god plan.

Slepphendt omgang med det beste innan kjemikaliar frå 50 og 60-talet gjorde nok ganske sikkert sitt for å korte ned faren si livslengd. Som både gartnar og skadedyrutryddar hadde han tilgang til det giftigaste som har vore tilgjengeleg på den relativt frie marknaden. I skuret bak huset står det mykje igjen av det han brukte. Ting om absolutt burde vore fjerna for lengst. Men det er rart med det. Det har liksom ikkje hasta. Det stod no berre der. Heldigvis, for no kjem det nytte igjen. Planen er å gje juletreet han nettopp har henta til mor si i staden for å bruke det sjølv. Men først skal det dynkast med gift. Rikeleg med gift. Ei saftig blanding av det som på eit tidspunkt ikkje var farleg, men som etter kvart viste seg å vere farlegare enn noko anna ein har laga. Det meste av det som står att etter faren er av den sorten. Treet skal dynkast med ei blanding som fordampar og blandar seg med lufta når det kjem inn i over middels normal romtemperatur, slik mora har det heime i stova. Det var truleg den friske lufta ute i skogen som fekk han til å innsjå at mora kom aldri til å gje dei pengar sånn utan vidare. Det kjem ikkje pengar frå den kanten utan at han arvar dei. Det kjem han jo uansett til å gjere før eller seinare uansett så kvifor ikkje framskunde prosessen litt. Han må google litt for å finne ut kva remediar i skuret som vil ha den beste effekten. Når han føler seg trygg på at treet er godt nok innsausa set han det ut i kulden slik at all gifta frys. Best å gøyme det bak skuret tenker han. Men no har han eit anna problem. No har han ikkje eit juletre til dei sjølv. Det betyr at han må ut i skogen igjen. Han har heller ingen avtale med mora om at han skal komme med eit tre til ho. Planen han var så fornøgd med i stad var vist ikkje heilt gjennomtenkt likevel. Det er berre å hive seg rundt. Tida har gått fort. Han har ikkje kjørt lange stykke før han møter Cecilie på veg heim. Men av ein eller annan grunn fungera hjernen på høggir i dag. Han skundar seg å sende ei melding «Eg må på eit møte på jobben. Blir truleg seint. Berre et dokke, ikkje vent på meg 🙂» Så skrur han av mobilen. Då er det meir truverdig tilfelle ho skulle ringe. Det er nesten så ikkje kan skjønne korleis han klarte å tenke ut alt det så fort, men fornøgd er han uansett.

Denne gongen går han ikkje like langt inn i skogen før han finn eit passande tre. Det vil sei, han håpar det er eit passande tre for det er mykje mørkare no enn sist han var her. Når sant skal seiast tykkjer han alle trea ser fine ut, men av erfaring veit han at ikkje alle delar den oppfatninga. Tilbake ved bilen er det nok ein gong ein kamp å få treet fast på taket. Når det er gjort skal han køyre til mor si for å tilby seg å komme med eit tre til ho. Men i det han startar bilen kjem han på at han kan ikkje komme der eit tre på taket. Han skal jo tilby ho eit anna, og no er Cecilie heime så han kan ikkje reise heim å bytte tre heller. Han bannar høgt. Når ein er forbanna går det overraskande fort å få laust eit tre frå eit biltak. Han gøymer det slik at han kan komme igjen å hente det seinare, og køyrer deretter inn mot sentrum og leilegheitskomplekset der mora bur. På turen innover får han tid til å tenke over kva han eigentleg held på med. Det å skulle ta livet av ein annan person kan kanskje høyres lett ut når ein er forbanna, men når det kjem til stykket. Når det har gått så langt at ein faktisk skal gjennomføre det. Då er det slett ikkje like lett. Ikkje for han i alle fall. Han er rett og slett ikkje typen til å gjere slikt. Det er jo eigentleg ein bra ting kjem han til. Han blir sittande i bilen utanfor leilegheita ei stund. Ser opp på lyset frå femte etasje der ho bur. Dei har kanskje aldri hatt eit godt forhold, men bestemmer seg for at det er hennar problem. Han er på eit anna nivå og no er det på tide å gjere det han skulle ha gjort for lenge sidan. Han skal sei det som det er til dei heime. Så skal han selje denne idiotisk dyre bilen. Det burde gjere banken fornøgd ei lita stund. Før han køyrer må han ut i skogen å hente det juletreet. For tredje gong den dagen finn han seg der ute i ingenmannsland og prøvar å feste eit tre til taket på bilen. Det går litt lettare denne gongen. Det er vel ein grunn til at dei seier at alle gode ting er tre. I dobbelt forstand tenkjer han med eit smil rundt munnen, og er for tredje gong i dag fornøgd med seg sjølv. Det er så lenge sidan sist at han kan ikkje huske det ein gong. På veg heim skrur han på mobilen igjen, og med ein gong tikkar det inn to nye meldingar. Begge er frå Cecilie. Den første er nesten som forventa.

«OK. Men eg håpar du har huska juletre!»

Den andre får det til å gå kaldt nedover ryggen. Det kjennest ut som alt blodet forsvinn ned i føtene. Han er iskald, men sveitten renn.

«Fant treet bak skuret din snik 🙂 Hadde du gøymt det berre for å irritere meg eller? No er ungane i full sving med å pynte det 🙂»

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s