Røykepause

Han står ute på trappa. Eg nikkar så vidt i det eg kjem ut, vurderer ein augneblink om eg skal slenge på eit hei og, men vil ikkje verke påtrengande. Han nikkar ikkje, men derimot seier han «Hei». Hjernen min svarar automatisk før eg sjølv får vurdert situasjonen.

– «Heilo», er det som kjem ut. Ei bastardkryssing av hei og hallo. Det får meg til å kjenne meg som ein idiot som ikkje greier å snakke. Flott, tenkjer eg. Trur eg skal halde godt kjeft frå no av. Det er berre tilfeldigheiter som gjer at vi brukar å trenge ein røyk med same intervall. Med mindre han spør meg om noko. Då er det best å svare eller så framstår eg verkeleg som ein idiot. Han smiler, men seier ikkje noko. Sjølvsagt smiler han. Han må sikkert konsentrere seg for ikkje å le høgt av mi patetiske helsing. Sjølv fyrer eg på sigaretten og tek eit sikkeleg magedrag.

Så står vi der. Side om side på trappa som er i grenseland lita når ein skal stå der med folk ein ikkje kjenner. To går an, men fleire er heilt krise. Heldigvis skjer det heller sjeldan. Slik har vi stått nermast kvar dag no i eit par veker. Utan at det har vorte sagt stort. No er ikkje eg den som brukar å prate mest og høgast, snarare tvert i mot, men sjølv eg tykkjer dette begynner å bli litt – underleg. Føler på at stemninga er litt trykkande. Kanskje han føler det same. Kanskje han er endå mindre flink til å ta initiativet til slikt enn eg er. Kan rett og slett hende at han ventar på at eg skal ta ordet. Men kva skulle vi ha snakka om? Akkurat no er hovudet aldeles tomt. Ansvaret for å bryte isen ligg plutseleg på meg. Eit slikt ansvar tynger og har jaga vekk ein kvar fornuftig tanke eg kan ha hatt på eit tidspunkt. Eg kremtar litt for liksom å ta sats. Om ikkje anna for å klargjere stemma. Men det blir med det. Eg er kald, men svetten pipplar fram både i panna og på ryggen. Nokon burde sei noko. Det verkar ikkje for at han har tenkt å ta ordet. Så vi vert berre ståande der, heilt stille. Begge stirer stivt ut i regnet. Det har regna jamt lenge no. Eg kan faktisk ikkje huske kor tid det sist var godver. Kanskje han huskar det.

– “Dårlig ver vi har fortida” seier eg til slutt.

– “Ja” svarar han. Kort i replikken, men eg er snar med å følge opp.

– “Får no tru da kjem seg snart.”

– “Ja – vi får tru det” svarar han, nesten litt motvillig verkar det som. Eller er han versjuk han og? Han gjev i alle fall ikkje uttrykk for at han var tenkt å komme med noko meir. Det er nesten som eg håpar at Ruth frå økonomi skal dukke opp. Ho som bablar i veg om alt mellom himmel og jord. Det å få i gong ein samtale kan ofte vere som å fyre opp i ein ukjent vedomn. Gjer ein det rett tek flammane over og resten går av seg sjølv. No er eg derimot på det punktet der ein prøvar å blåse akkurat passleg på dei aller siste glørne før dei døyr heilt vekk. Det kan gå enten eller.

– “Ikkje mykje til sommar ditta her.” seier eg. No kjem svaret raskare.

– “Tja – heilt normalt på disse trakter.” seier han. – “E no sånn det bruka å vere”. Overraska over utsagnet blir eg nesten litt indignert på vegne av det norske veret.

– “Nei, det er no ikkje det. Va no mykje bedre i fjor”.

– “Mulig det – eit hederleg unntak” seier han og sender ei spyttklyse arrogant ut i regnet. Av ein eller annan grunn blir eg ståande å sjå på at den vert tynna ut av den strie straumen av regndråpar og til slutt forsvinn heilt. Det kunne eg gjort og kjenner eg, forsvinne heilt, men er ikkje heilt ferdig med røyken. Samtalen har stagnert og det vert stille ei stund.

– «I Brasil er det ingen som snakkar om veret» seier han plutseleg.

– «Hæ?» svarar eg.

– «Eg har budd nokre år i Brasil. Der snakkar dei aldri om veret» seier han, som om det skulle oppklare alt. Han skjønar sikkert at eg treng litt meir for å forstå samanhengen.

– «Altso – der er det alltid sol.» Så knipsar han røyken ut i regnet og går inn. Sneipen landar i ei pøyle som har samla seg over eit kumlok som tydelegvis er tett. Gloa sloknar umiddelbart. Eg vert ståande igjen å fundere. Vanskeleg å sjå føre seg ein stad der det alltid er sol. Tenkjer at eg er glad eg ikkje bur i Brasil. Kva skulle eg då ha snakka om?

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s