Tre fluger

I glaskarmen ligg det tre daude fluger. På rygg – kapitulert for naturen sine brutale reglar. Dei fleste vaksne eksemplar av musca domestica, som husfluga heiter på fint, får berre leve om lag ein månad. Då har dei gjort sin misjon. Veit forresten ikkje heilt kva misjon dei har, men om ikkje anna så har dei heilt sikkert lagt sine par tusen egg for å halde bestanden gåande. Slik at det alltid er minst ei på vakt når eg skal sove middag. Sjølv er eg vel heldig som har halde da gåande i drygt trettiseks år. Men utan å ha sått eit einaste frø for å bere slektsnamnet vidare. Eg nok gjort min misjon her eg og, utan at eg veit kva nytte det har vore. Ikkje ei bragd for historiebøkene. Ikkje ein gong verdt ei lita fotnote, eller ein rubrikk i lokalavisa. Forholda vert for små i slike bygder som det her. Det vert som med hjorten som går ute på bøane. Det er ikkje ein make til kvar. Den hannen som ikkje god nok, eller sterk nok, vert gåande åleine. Har omsider innsett at ho eg ville ha, har valt annleis og ser ut til å vere sers nøgd med det. Kunne ha lagt meg ned på rygg eg og, men det tar for lang tid. Har ikkje tolmod til slikt. I morgon reiser eg her i frå.

Sjeldan har syrinen framfor huset blomstra meir enn i år. Det er ikkje vanskeleg å kjenne lukta bort på trappa. Tar min siste røyk før avreise. Her har eg sete mang ein kveld. Men ikkje aleine må vete. Tankane er der alltid. Lurer ein eller annan stad der inne. Hoppar fram når eg ein sjeldan gong har senka skuldrene og gløymt dei ein augneblink. Aldri fred å få. Sjølv den intense lukta frå syrinen kjempar forgjeves mot den bitre eimen av brente bruer. Dei siste av dei gjekk opp i røyk på bygdefesten førre helg. I etterpåklokskapens lys er det lett å sei at eg ikkje skulle ha gått på den i det heile. Er det noko eg er ekspert på her i livet så er det etterpåklokskap. Ein totalt unyttig eigenskap som ikkje er egna til anna enn å fóre fylleangsten til brestepunktet. Den er velfødd nok med det som er. Det fatale slaget var spikaren i kista for ei kvar framtid her. Ho veit godt kvar ho har meg. Ho veit godt at ho kan få meg kor tid som helst. Men ho vil vist ikkje. Ikkje vart ho vidare imponert av min siste opptreden heller. Eg vart ikkje den staute ryttaren som redda jomfrua i naud slik eg hadde tenkt. No er ho neppe jomfru heller, så det var vel ikkje anna vente.

Knipsar sneipen ut på tunet og går inn i huset for å sjekke at alt er på stell før avreise. Det skal i alle fall sjå skapeleg ut for dei som skal ta over etter meg. Eit takk for sist til dei som stakk her i frå. At eg har klart å halde orden trass alt. Sjølvsagt var det eg som hadde odelen, men det kjendes ut som ei plikt, meir enn eit ynskje å ta over. Fordi ingen andre ville, så måtte eg. I stova er alt avskrudd. Fjernsynet er kopla frå. Både straum og antenne. Flugene i glaskarmen ligg der endå. Ingen teikn til snarleg oppstandelse. Dei får berre ligge. Ein veit jo aldri. Nok av dei som har gravlagd hamsteren sin fordi dei trudde den var daud, når faktum er at dei har ein tendens til å gå i dvale frå tid til annan. Då søv dei så tungt at ein fort skulle tru dei var daude. I staden vert det heile ein grøssar i reine Hitchcock-stil. Eg for min del vil helst ha ei meir sikker avslutning. Kort og brutalt. På kjøkkenet er alt oppvaska og står fint på plass der det høyrer heime. Kjøleskåpet og bosset er tømt. Ingen matrestar i verken skåp eller skuffer som fort lokkar til seg mus og anna utyske. Skal ikkje ha på meg at eg etterlet meg ein svinesti. Sig ned på benken at med det lange kjøkkenbordet. Bordflata ber merker av ei betre tid. Tida då eg var liten og framtida såg rosenraud og bekymringslaus ut. Her sat vi heile familien. Åt alle måltid i lag. Her gjorde vi ungane lekser. Teikna. Lagde julekort. Ikkje få handbakkonkurransar har vorte utkjempa her på tvers av bordet. Sjølv er eg regjerande meister utan å ha ei medalje eller pokal å vise til. Ikkje ein gong ein diplom. Rart med det som var dødsens alvor då  det stod på, men som eigentlig ikkje betyr det slag. No – i etterpåklokskapens lys.

Det har ikkje regna på lang tid. Støvskya står tett etter bilen på veg nedover mot hovudvegen. Like greitt så slepp eg å sjå barndomsheimen forsvinne i spegelen. Hadde tenkt at eg skulle motstå freistinga å sjå, men no slepp eg. Greitt med dei kampane ein ikkje treng å ta. Nede på hovudvegen ber det austover. Vegen mot hovudstaden, Europa og heile den vide verda. For dei som føler seg lokka av slikt. Så langt skal ikkje eg. Det held med ein av dei lange, beine tunellane der det er anledning til å sikte seg inn på ein av dei mange trailerane. Utan at dei kan vike unna. Kanskje dårleg gjort å gjere slik mot ein intetanande sjåfør, men han styrer reiskapen eg treng for å få gjort dette på ein sikker måte. Sikkert utfall for meg, og han kjem truleg i frå heile greia utan ei skråme. I alle fall fysisk. Han får ta det som ein mann som dei seier. Lurer forresten litt på korleis ein gjer det – tar ting som ein mann.

Ironisk nok er det ein strålande dag. Vegen går eit stykke langs eit vatn. Der dansar solstrålane over den lett krusande vassflata. Dei reflekterte strålane frå vatnet verkar minst like sterke som dei som kjem direkte frå kjelda. Solbriller er naudsynt. Musikken på fullt og armen kvilande i det opne sidevindauget. Greitt å gå ut med stil. Ser det står ein person på busslomma nedanfor bedehuset. Sikkert nokon som har vore på møte. Slikt har aldri vore noko for meg. Kan ikkje huske at eg nokon gong har trudd på noko som helst. Ikkje anna enn julenissen og tannfea. Ser no at det er ei dame. Som haikar. Uvist av kva grunn så har eg plutseleg stoppa. Eit lite stykke forbi denne dama som ynskjer skyss. Ser i spegelen at ho slit med seg ein diger ryggsekk mens ho prøvar å skunde seg bort til bilen. Det går sånn passe. Kunne sjølvsagt gått ut å hjelpt ho, men blir i staden sittande – prøvar å tenke over kvifor eg stoppa i det heile. Dette passar slett ikkje inn i mine planar for dagen. Det ville vore veldig dårleg gjort om eg kjørde vidare no før ho rakk fram. Men eg kan gjere det. Uvissa held meg attende lenge nok til at ho rekk fram til bilen. Ansiktet som stikk inn vindauget er eit einaste stort smil. Auga og smilehola viskar på ein augneblink vekk motstanden eg måtte ha for å ta ho på. Går ut å lempar den digre sekken opp i bagasjerommet, mens ho tar plass i framsetet.

– ”Tusen takk altså. No hadde eg nesten gitt opp håpet om å få haik” seier ho i det eg set meg inn igjen i bilen.

– ”Jau, det – er no berre kjekt det” svarar eg. Det var i beste fall ei kvit løgn.

– ”Er ikkje mange som tar på haikarar” held ho fram.

– ”Trudde ikkje det var nokon som dreiv med slikt lengre” seier eg utan at ho ser ut til å bite seg merke i det.

– ”Så – kor langt skal du då?” spør eg i håp om at det ikkje er så langt. I håp om å verte kvitt denne forstyrringa snarast råd. Slik at eg kan få gjort det som må gjerast. Før eg ombestemmer meg. Igjen.

– ”Oslo” svarar ho med ei uforskamma optimisme i stemma som berre kan bety at ho aldri har vore der før.

– ”Du då? Kor skal du?”

– ”Oslo” svarar eg med ein gong, utan å tenkje meg om. Nei, nei, nei. Kvifor i svarte sa eg det?

– ”Skal du? Då kan eg kanskje få sitte på heile vegen då?”. Ho er om mogleg endå meir optimistisk i stemma, og eg kjenner at ho ser på meg med dei store håpefulle auge sine. Prøvar å komme på ein god grunn til at det dessverre ikkje lar seg gjere. Kjem sjølvsagt ikkje på noko. Prøvar å virke opptatt med å få bilen ut på vegen for å vinne meir tid. Det er så lite trafikk at det er ikkje mykje tid å få kjøpt. Eg må krype til korset. Har ikkje ballar til noko anna denne gongen heller.

– ”Jo, det – skulle vel gå greitt det”

Ho har på seg shorts. Ser ut til å vere ei avklipt dongeribukse. Kan for so vidt like godt ha vore laga slik for det eg veit. Uansett heng det kvite trådar nedover dei brune låra hennar. Prøvar å få det til å verke naturleg kva gong blikket glir vekk frå vegen og bort på ho. Det lange lyse håret bølgjer nedover skuldrene. Under ei litt stor skjorte har ho på seg ein kvit singlet med passeleg utringing. Undrar meg over at eg aldri har lagt merke til henne før. Trudde eg hadde oversikt over damene i området. I alle fall dei som er so fine som ho her. Grunnen er gjerne at ho er i yngste laget for meg. Kanskje. Det viser seg at ho er dottera til presten her i nabobygda. Der har vi gjerne den eigentlege grunnen. Vi har rett og slett ikkje vanka i dei same kretsane. Så hadde det kanskje ikkje vore så dumt med litt guddommelig påfyll ein gong i blant. Hadde berre eg vist at han hadde slike eksemplar i flokken sin. Den sniken.

Praten går lett. Lenge sidan eg har konversert med det motsatt kjønn så pass bekymringslaust. Det er som vi tenkjer heilt likt. Så ler ho av vitsane mine, og det utan at det verkar påtatt. Nesten som eg vert forelska. Når ho ser på meg er noko i blikket hennar som får meg til å undre på om ho føler det same. Det ville vore for godt til å vere sant. Men ein skal aldri sei aldri. Mirakel har sikkert skjedd før. Er det rett og slett sjefen sjølv der oppe som har sendt ho for å hindre meg i gjere noko dumt? Vist eg kan få ho her så skal eg gladeleg gå i kyrkja kvar søndag. Trur eg. Skal i alle fall prøve så godt eg kan. Vi har kjørt i mange timar no. Turen vart noko lengre enn planlagt for min del. Kjenner svolten gneg. Foreslår at vi stoppar og tek oss ein matbit. Eg skal spandere sjølvsagt.

Desse vegkroene er ikkje akkurat noko å skrive heime om. Men dei gjer vel sin misjon. Er i alle fall mett. Tilbake i bilen leita eg etter noko romantisk musikk, men kva skulle vere? Går for Chris Isaak – Wicked Game. Kanskje ikkje veldig romantisk når eg tenkjer meg om. Ikkje om ein høyrer skikkeleg etter. Får tru ho ikkje gjer det. Er no uansett fin køyremusikk.

– ”Kor langt er det igjen til Oslo trur du?” spør ho.

– ”Tja, litt over ein time vil eg tru. Mindre enn to i alle fall.” svarar eg.

– ”Supert! Då skal eg sende ei melding til typen min og sei at vi møtast snart” seier ho. Det er mogleg ho seier noko meir, men det får eg i så fall ikkje med meg. Det kjennes ut som nokon har slått meg midt trynet. Hadde eg stått oppreist hadde eg sege i hop som ein skadeskoten hjort. Ho har altso ein type ventande der framme. Så har eg nok ein gong missoppfatta situasjonen. Eg som syns vi hadde fått så god kontakt. Eg som trudde det endelig var min tur. Her fraktar eg ho i staden rett i hendene på ein annan kar. Det mørknar att. Innvendig. Rundt svingen der framme kjem det til syne eit digert beist. Klar til å angripe med nådelaus kraft. Klar til å gjere ende på det skadeskotne dyret. Med nok fart og tyngde til å utslette alle små usselige kryp som kjem i vegen. Beistet har lys både høgt og lågt. Ein trailer med utanlandske skilt. Ho er for oppteken med telefonen til å legge merke til den urovekkande duringa når hjula kryssar midtlina. Først dei på venstre side. Like etter dei på høgre. Møter blikket til karen i førarhuset. Han ser redd ut. Desperat. Men han kan ikkje gjere noko. Det er for kort tid til det. Det hjelp ikkje å tute. Sjølv om alt går i sakte film kan han ikkje gjere enn anna å vente på det uunngåelege. Dashbordet hans er fullt av lys og flagg. Han har eit namneskilt rett framfor seg – Janek. Ho har tydelegvis oppdaga kva som er i ferd med å skje. Set i eit skrik like skingrande som ein gris på veg til slaktebenken. Eg held blikket til Janek. Prøvar med det å signalisere at dette er heilt ok. Det er ikkje hans feil. Tre tilfeldige personar. Eit tilfeldig møte. Det er berre ein av desse tinga i livet som berre må gå sin gang. Janek sin trailer har veldig sterke lys. Spesielt på nært hald. Kvitt lys. Overalt.

Advertisements

Eit mareritt før jul

skog

Photo by ironpoison

Dette går ikkje så mykje lenger kjenner han. Han har halde det hemmeleg alt for lenge med det som er.  I beste meining sjølvsagt. I eit desperat håp om at ting skulle ordne seg utan å måtte uroe fleire enn høgst nødvendig. Det vil sei ingen andre enn han sjølv. Ingen grunn til å dra andre med seg ned i driten. Ikkje før ein må i alle fall. Dette er det han som må ordne om han er noko til kar. Kva kan han elles brukast til? Husefyll kallar dei slikt som berre tek opp plass utan å gjere noko nytte. Han har klamra seg til alle dei halmstråa han har funne, men no er det ingen att. Kvart eit strå har visna hen. Han har kjørt båten så langt ut på havet at han ikkje ser land nokon stad. Det er som han har falle over bord der ute på havet og er i ferd med å tape kampen mot kreftene som dreg han under. Han hiv etter pusten det beste han greier, men innerst inne har han gitt opp. Det går ikkje. Det er ikkje håp. Han kjenner kvalmen pressar på. Det er sikkert alt det salte vatnet han har svelgt som gjer det tenkjer han. Inntil han kjem på at han er ikkje langt ute på havet og kjempar for livet. Han sit i bilen. Bilen som han nettopp har parkert utanfor huset. I det huset han, Cecilie og dei tre borna deira bur. Han ser dei gjennom kjøkkenvindauget. Dei ventar heilt sikkert med middagen på bordet. Ventar på at han skal komme heim frå jobb. Det er best han går inn no. Det er grenser for kor lenge ein kan sitte slik i ein bil etter at den er parkert før nokon tykkjer det verkar litt rart. Han må for all del unngå å gje nokon grunn til å stille spørsmål. Han vil nødig måtte lyge. Ikkje meir enn nødvendig. Ikkje meir enn han alt har gjort i alle fall. Eller – han har strengt tatt ikkje løge. Trur han. Ikkje som han kan huske. Når ein prøvar å oppretthalde ein falsk fasade er det vanskeleg å halde styr på alt som har vore sagt og ikkje sagt. Det å ikkje sei sanninga er ikkje det same som å lyge. Det er i alle fall den definisjonen han vel å bruke.

Han stig ut av bilen og går langs den smale gangstien som leiar opp mot huset. Det er kaldt. Det knirkar i snøen for kvart steg han tar. Dei store stoveglasa i andre etasje er pynta med adventsstjerner og lysestakar. Det er to veker til jul og han burde ha kjent på julestemninga etter kvart, men det er lite truleg at den kjem i år. Det er ikkje akkurat det gode bodskap han har å komme med til familien. Difor kjem han ikkje til å fortelje noko endå. Ikkje no før jul. Kva godt skulle det komme ut av det. Nei han vil at familien skal ha denne jula om så det blir den siste. Han stoppar opp eit lite sekund og trekk pusten djupt før han går inn. Han ser føre seg at alle skodespelarar gjer det rett før dei går på scena. Han kjenner seg av og til som ein skodespelar. Ein som for tida spelar si livs rolle. Den neste scena skal utspele seg i huset der han vaks opp. Huset han måtte kjøpe etter at faren gjekk bort. Han vart desverre ikkje så gammal som han burde. Livet sette sine spor og gjorde sitt for at kroppen eldast fort. Einaste arven etter faren var at han måtte kjøpe barndomsheimen sin frå mor si. Ho ville ikkje ha det, så det skulle han kjøpe sa ho. Hadde aldri likt seg der sa ho rett etter at faren var gravlagd. Ho hadde alltid hatt lyst til å bu i leilegheit i sentrum. Det var faren som ville ha einebustad og hadde draumen om eit forstadsliv med stor H – hus, husmor, hage, hund og hundrevis av ungar. Huset bygde han sjølv. Eit typisk husbankhus slik alle bygde på syttitalet. Det viste seg etter ei tid at kona han hadde funne seg var eit heller dårleg husmoremne. Det vart med den eine ungen og hund var ho angjeveleg allergisk mot.

Praten rundt middagsbordet til familien Lavik går om dagens små og store hendingar. Sjølv har han ikkje så mykje å bidra med. Har nok med å konsentrere seg om det dei andre fortel. Ungane snakkar om teite klassekameratar og snille lærarar. Eller var det omvendt? Aller mest ivrige er dei med å fortelje om alt dei ynskjer seg til jul. Det knyter seg i magen. Er ingen ting anna han ynskjer seg meir enn å kunne gje dei alt dei vil ha. Hadde han berre kunne gjort det. Cecilie har ei lang utgreiing om ei eller anna Jorunn. Han trur kanskje det er ei ho jobbar med, men er ikkje sikker. Han kjenner på seg at han burde vist kven det er og kan difor ikkje spørje. Etter maten er ungane unormalt flinke til å dekke av bordet. Dei nærmast slost om å få gjort mest. Dei set på kaffi og vaskar opp skitne panner. Det er ikkje kvardagskost. Trur kanskje ei og anna rein panne vert vaska og. Rart kva forhåpningane til eit nært føreståande gåvedryss kan gjere. Igjen knyter det seg. Denne gongen i halsen. Det er berre så vidt han greier å halde tårene vekke. Han må svelge hardt fleire gonger og kjem på at han må sjekke noko greier nede i gangen. Skundar seg ned trappa. Det er ingen ting som treng sjekkast, men han vinn tid. Tid til å komme seg hektene igjen. Det var nære på at han datt ut av rolla som den perfekte familiefaren.

Neste morgon er heile familien i full sving for å bli klar til å ta fatt på dagens oppgåver. Denne morgonen skil seg lite frå dei andre morgonane hos familien Lavik. Intens og hektisk. Prega av rutinar, men likevel alt for lita tid. Ungane skal på skulen og bør difor aller helst rekke skulebussen. Cecilie jobbar på servicetorget i nabokommunen. Ein av grunnane til at dei må ha to bilar. Det er dyrt med to bilar. Det er dyrt med ein bil, men kva skal ein gjere. Det fins ingen alternativ. Sjølv gjer han seg klar til ein dag på kontoret. Dressen er på, den kvite skjorta er nyvaska og stroken. Han står på badet og ser på seg sjølv i spegelen. Med ei blanding av fortviling og sjølvforakt. Furene i det grå ansiktet må ha vorte djupare det siste halve året. Han knyter slipset og drar til. Heilt til det stramar rundt halsen. Ikkje ulikt ei rennelykkje tenkjer han. Kanskje han berre skulle fortsette å dra til. Få det overstått. Cecilie ropar frå kjøkkenet, men han får ikkje med seg kva ho seier. Det er ho tydelegvis vant med for ho ropar på nytt med ein gong.
– HØYRE DU? Du MÅ huske å kjøpe juletre i dag. Det skal inn før helga. Greitt?
Det var meir ein ordre, enn eit spørsmål.
– Jada det skal eg huske, svarar han.
– Den har eg hørt før. Det må inn til helga. Søstern kjem på besøk altså. Du huskar vel det?
– Jada, jada eg huskar det.
Akkurat det er heilt sant. Han huskar veldig godt at Berit og Johan skal komme på besøk. Det kunne i grunn ikkje passa dårlegare. Er det nokon han ikkje kan fordra så er det svogeren Johan. Ein meir ufordrageleg og sjølvskrytande person skal du leite lenge etter. Skal alltid fortelje om dei siste investeringane, den neste ferieturen og alle dei dyre tinga han har kjøpt. Ikkje så veldig interessant å høyre på. Cecilie fortset å snakke der inne på kjøkkenet. Om det er til han eller ungane ho snakkar til er ikkje godt å sei. Han har slutta å høyre etter. Det er best å komme seg inn til sentrum før det kjem fleire ordrar eller ubehagelege spørsmål. Ikkje det at han klagar, men akkurat no har han ikkje så mykje å bidra med.

Han set seg inn i den alt for dyre bilen. Meir eit statussymbol enn framkomstmiddel. For personar som han sjølv er det visse ting ein berre må ha, for liksom ikkje å tape ansikt. No kjennest det ganske meiningslaust. På veg inn mot sentrum tenkjer han på dagens gjeremål. Lista burde vore full, men det er lenge sidan det var tilfelle. Det einaste han har på lista i dag er å skaffe det juletreet og ringe mor si. Juletre skulle normalt vore ei grei sak å ordne. Inne i sentrum køyrer han forbi fleire juletreseljarar, men han skal ikkje snakke med nokon av dei. Ikkje i år. Telefonen til mora blir endå vanskelegare. Snart kjem han fram til den store kontorbygningen der han jobba. Ein stor koloss i glas og betong. Høgkonjunkturen si høgborg. Huset ligg nede på kaia der det ein gong i tida var storstilt industriaktivitet. Men det er lenge sidan no. Før det vart for dyrt å lage ting her i landet. På eit eller anna tidspunkt fant nokon ut at det var mykje billegare å lage ting andre stadar i verda. Arbeidskarar i kjeledress vart skifta ut med såkalla herrar i dyrare og finare dressar. Han var ein av dei som kom inn. Bygget kjem til syne i det han rundar hjørnet på kjøpesenteret. Det er ikkje vanskeleg å sjå slik det lyser opp. Utanfor står det eit juletre som er mykje større enn det kommunen har sett opp utanfor rådhuset. Sjølvsagt måtte det vere det. Han nærmar seg innkjørselen utan å slakke på farten. Tvert i mot trakkar han litt ekstra på gassen i det han passerer og køyrer forbi. Han skal ikkje på kontoret i dag. Han jobbar ikkje der lenger. Krisa i oljemarknaden gjorde han overflødig over natta. Bokstavleg talt. Det er nok berre mellombels sa dei. Når ting berre kjem på rett kjøl igjen så skulle han få jobbe igjen. Det var det dei sa. Då. For snart eit år sidan. No har han innsett at det som berre skulle vere mellombels truleg blir permanent. Han har prøvd å finne seg ein annan jobb, men oljeingeniørar er det lite bruk for. Spesielt på ein så liten stad som dette. Ikkje mykje anna aktuelt å finne heller. Det tærer på økonomien. Alt av sparepengar er vekke for lengst. Han har måtta tatt den fornedrande turen til mor si og bedt om pengar, men der var det lite å hente. Ho hadde ikkje pengar sa ho, men det veit han ikkje stemmer. No er situasjonen desperat. Banken tar sikkert huset snart. Han blir nøydt til å be ho om hjelp ein gong til. Be på sine kne. Berre han får forklart kor alvorleg situasjonen er så vil ho sikkert trå til. Ved den gamle kaia snur han bilen og køyrer tilbake den vegen han kom. Familien er garantert reist til sine gjeremål innan han er heime igjen. Han må heim å hente sag og klede som egnar betre til juletrehogst enn dressen han har på seg no. Ikkje at han har avtale med nokon om å få hogge, men det gjeld berre å finne ein stad som er avsides nok. Slik at ingen ser det.

Det er ikkje meir snø enn at ein kan gå i skogen utan problem. Men han lagar spor. Det er litt dumt, så han går eit stykke langs vegen frå der han parkerte bilen før han skjær ut og smett inn mellom trea før nokon ser han. Det går ei tid, lenge etter at han vart omgitt av tre på alle kantar, før han registrerar kor stille og fint det er her. Ein får ikkje eit meir nasjonalromantisk julekortmotiv enn dette. Han vert berre gåande og nyte synet. Det er rein meditasjon å gå slik. Medisin for sjela tenkjer han. Han som alltid har fnyst av folk som sleng rundt seg med slike metaforar. Det kjem han sikkert fortsatt til å gjere dersom nokon skulle konfrontere han med det. For ei lita stund er alt det elendige gløymt. Den eigentlege grunnen til at han er her er òg gløymt. Han held fram med å gå innover i skogen utan anna mål for auget enn å gå og sjå. Gløymer tid og stad. Etter ei stund kjem han til ei lita lysning. Han kostar litt snø av ein stein og set seg på den. Kor lenge og kor langt han har gått veit han ikkje. Han kjenner seg ikkje att, men heldigvis er det sporsnø så han skal nok finne vegen tilbake. Det blir lite juletre av slikt, men det ser ut som dei fleste trea her omkring er brukbare juletreemne. Han blir sittande ei stund på steinen og tenkje. Sjølv om turen i skogen har fått tankane vekk frå elendigheita ei lita stund er den aldri langt vekke. Han tenkjer på korleis han skal få mor si til å hjelpe dei. I ein kvar normale familie ville det ikkje vore eit tema. Men det er i normale familiar. Han vaks ikkje opp i ein normal familie. Eller faren var nok relativt normal, men han mistenkjer mora for å ha visse psykopatiske trekk. Empati er det i alle fall dårleg med. Frå ein stad heilt bakerst i hovudet har det vokse fram ein tanke så utenkjeleg som det går an. Ein tanke han ikkje har turt å ta inn over seg. Sittande der på steinen i skogen bestemmer han seg likevel for at det er ingen veg utanom. Han veit kva som må gjerast, men korleis – det veit han ikkje endå. Men å bli sittande her går ikkje. Han finn fort fram til eit passande tre og dreg det med seg tilbake. Vegen tilbake til bilen er mykje lengre enn venta. Etter mykje styr er omsider treet på plass på taket og relativt godt sikra. På veg heim kjem han plutseleg på ei løysing på alle problema. Det er jo nesten latterleg enkelt. Han kjenner seg nesten stolt av å komme opp med ei så god plan.

Slepphendt omgang med det beste innan kjemikaliar frå 50 og 60-talet gjorde nok ganske sikkert sitt for å korte ned faren si livslengd. Som både gartnar og skadedyrutryddar hadde han tilgang til det giftigaste som har vore tilgjengeleg på den relativt frie marknaden. I skuret bak huset står det mykje igjen av det han brukte. Ting om absolutt burde vore fjerna for lengst. Men det er rart med det. Det har liksom ikkje hasta. Det stod no berre der. Heldigvis, for no kjem det nytte igjen. Planen er å gje juletreet han nettopp har henta til mor si i staden for å bruke det sjølv. Men først skal det dynkast med gift. Rikeleg med gift. Ei saftig blanding av det som på eit tidspunkt ikkje var farleg, men som etter kvart viste seg å vere farlegare enn noko anna ein har laga. Det meste av det som står att etter faren er av den sorten. Treet skal dynkast med ei blanding som fordampar og blandar seg med lufta når det kjem inn i over middels normal romtemperatur, slik mora har det heime i stova. Det var truleg den friske lufta ute i skogen som fekk han til å innsjå at mora kom aldri til å gje dei pengar sånn utan vidare. Det kjem ikkje pengar frå den kanten utan at han arvar dei. Det kjem han jo uansett til å gjere før eller seinare uansett så kvifor ikkje framskunde prosessen litt. Han må google litt for å finne ut kva remediar i skuret som vil ha den beste effekten. Når han føler seg trygg på at treet er godt nok innsausa set han det ut i kulden slik at all gifta frys. Best å gøyme det bak skuret tenker han. Men no har han eit anna problem. No har han ikkje eit juletre til dei sjølv. Det betyr at han må ut i skogen igjen. Han har heller ingen avtale med mora om at han skal komme med eit tre til ho. Planen han var så fornøgd med i stad var vist ikkje heilt gjennomtenkt likevel. Det er berre å hive seg rundt. Tida har gått fort. Han har ikkje kjørt lange stykke før han møter Cecilie på veg heim. Men av ein eller annan grunn fungera hjernen på høggir i dag. Han skundar seg å sende ei melding «Eg må på eit møte på jobben. Blir truleg seint. Berre et dokke, ikkje vent på meg 🙂» Så skrur han av mobilen. Då er det meir truverdig tilfelle ho skulle ringe. Det er nesten så ikkje kan skjønne korleis han klarte å tenke ut alt det så fort, men fornøgd er han uansett.

Denne gongen går han ikkje like langt inn i skogen før han finn eit passande tre. Det vil sei, han håpar det er eit passande tre for det er mykje mørkare no enn sist han var her. Når sant skal seiast tykkjer han alle trea ser fine ut, men av erfaring veit han at ikkje alle delar den oppfatninga. Tilbake ved bilen er det nok ein gong ein kamp å få treet fast på taket. Når det er gjort skal han køyre til mor si for å tilby seg å komme med eit tre til ho. Men i det han startar bilen kjem han på at han kan ikkje komme der eit tre på taket. Han skal jo tilby ho eit anna, og no er Cecilie heime så han kan ikkje reise heim å bytte tre heller. Han bannar høgt. Når ein er forbanna går det overraskande fort å få laust eit tre frå eit biltak. Han gøymer det slik at han kan komme igjen å hente det seinare, og køyrer deretter inn mot sentrum og leilegheitskomplekset der mora bur. På turen innover får han tid til å tenke over kva han eigentleg held på med. Det å skulle ta livet av ein annan person kan kanskje høyres lett ut når ein er forbanna, men når det kjem til stykket. Når det har gått så langt at ein faktisk skal gjennomføre det. Då er det slett ikkje like lett. Ikkje for han i alle fall. Han er rett og slett ikkje typen til å gjere slikt. Det er jo eigentleg ein bra ting kjem han til. Han blir sittande i bilen utanfor leilegheita ei stund. Ser opp på lyset frå femte etasje der ho bur. Dei har kanskje aldri hatt eit godt forhold, men bestemmer seg for at det er hennar problem. Han er på eit anna nivå og no er det på tide å gjere det han skulle ha gjort for lenge sidan. Han skal sei det som det er til dei heime. Så skal han selje denne idiotisk dyre bilen. Det burde gjere banken fornøgd ei lita stund. Før han køyrer må han ut i skogen å hente det juletreet. For tredje gong den dagen finn han seg der ute i ingenmannsland og prøvar å feste eit tre til taket på bilen. Det går litt lettare denne gongen. Det er vel ein grunn til at dei seier at alle gode ting er tre. I dobbelt forstand tenkjer han med eit smil rundt munnen, og er for tredje gong i dag fornøgd med seg sjølv. Det er så lenge sidan sist at han kan ikkje huske det ein gong. På veg heim skrur han på mobilen igjen, og med ein gong tikkar det inn to nye meldingar. Begge er frå Cecilie. Den første er nesten som forventa.

«OK. Men eg håpar du har huska juletre!»

Den andre får det til å gå kaldt nedover ryggen. Det kjennest ut som alt blodet forsvinn ned i føtene. Han er iskald, men sveitten renn.

«Fant treet bak skuret din snik 🙂 Hadde du gøymt det berre for å irritere meg eller? No er ungane i full sving med å pynte det 🙂»

 

Lykkejegaren

Han vaknar til lyden av regn som hamrar på taket. Skulle tru det prøvar å komme seg igjennom. Lyden minnar han om buekorpsa som brukte å øve i gata rett utanfor leilegheita då han studerte i Bergen. Ikkje alltid ein like kjærkommen lyd å vakne til ein søndagsmorgon. Spesielt ikkje for studentar som nytta natta før til studiar av alkoholen sin effekt på evna til å sjarmere det motsette kjønn. Langt på veg favorittfaget den gong, men det har falle mang ein regndråpe sidan han var student. Før i tida tykte han lyden av regn var behageleg. Ingenting var så roande som å ligge i ei god varm seng og la seg bysse i søvn av den taktfaste tromminga på taket. Men det er som sagt ei stund sidan. Mens han framleis budde i sitt eige hus, og hadde familien samla trygt under same tak. No er dei splitta og taket av plast deler dei det med 33 andre. Han og dei to sønene hamna her. Kvar kona og dottera er veit han ikkje. Under flukta frå Trondheim over grensa til Sverige mista dei kontakta. Han håpar av heile sitt hjarte at dei i alle fall er i lag. Han har gjort alle moglege forsøk på å sende melding til dei andre leirane, men til no har det ikkje komme svar. Så lenge ingen kjem med bod om noko anna vel han å tru at dei har det bra. Så bra som det lar seg gjere under gjeldande omstende. Livet i ein teltleir for flyktningar er ingen dans på roser. Ikkje på noko anna heller for den del. Regn og kulde gjer det ikkje enklare. Dei held seg i live, men det er og alt. Nokon vil kanskje sei at han burde vere glad for at dei trass alt har livet i behald. Sjølvsagt er han det. Men er dette eit liv verdt å leve? Hadde det ikkje vore for ungane hadde han truleg gitt opp for lengst. Kontrastane til det som ein gong var det vanlege livet kunne knapt vore større. Han hadde ein godt betalt jobb, hus, to bilar og hytte ved sjøen. Litt sparepengar i banken og rikeleg med lån sjølvsagt. Med tre born i alderen 4 til 10 gjekk mykje av kvardagen etter endt arbeidsdag til lekselesing, køyring til fotball og ballett, foreldremøter og dugnad. Når ein står midt opp i det kan ein fort ta seg i å tykkje det er eit kjedeleg liv, men i dag kunne han gitt minst ei nyre for å få det tilbake. Alt det som forsvann då krigen kom.

Regnet har heldigvis tatt seg ein liten pause. Bakken mellom telta er stort sett eit einaste gjørmebad. Frostrøyken heng etter han som dampen frå eit lokomotiv. Han er på veg bort til matteltet for å få seg ein kopp kaffi. Det er vel berre eit tidsspørsmål før regnet går over til fast form. Tanken på nok ein vinter i denne leiren er fortvilande. Det vil eventuelt bli den fjerde. Det er vanskeleg å sjå ein ende på det som skulle vere ei mellombels løysing. Heime i Noreg er det ingen teikn på ei snarleg løysing på den væpna konflikta, som det heiter så fint. Det er krig det er, og det er det ingenting fint med. Ingen vinnarar. Det er berre om å gjere å tape minst. Men kva har han uansett å komme heim til? Heimen fins ikkje lengre. Nabolaget er fins ikkje. Jobben fins ikkje. Mange, alt for mange av menneska der heime fins ikkje lengre. Dei som er her fins. Om ikkje anna.

Det er stort sett berre dei som røykjer og born som prøvar å leike som oppheld seg utandørs. Det er vanskeleg å få fotballen til å rulle på dette føret, men det hindrar dei ikkje i å prøve. Kva gjer ein ikkje for å gløyme verkelegheita for ei lita stund. Utanfor matteltet står tre karar som kjem frå same by som han sjølv. Dei helser kort, nestan umerkeleg, i det han passerer på veg inn. Han finn seg ein kopp og fyller den med kaffi frå ei av dei store kannene. Den er nesten tom, som betyr at kaffien neppe er veldig heit. Men det er greit. Ein venner seg til det meste. Det kunne jo vore verre. Lunken kaffi er ikkje det verste ein kan komme ut for i livet. Borte i eine hjørnet set gjengen han heng mest med. Han set seg der med dei. Slik han alltid gjer. Det er ikkje mykje anna å ta seg til. Livet i leiren handlar om å eksistere. Medan dei ventar. På at eit eller anna skal skje. Det er ikkje som før i tida når ein venta på at det skulle bli jul, eller bursdag, eller ferie. Då viste ein eksakt kva ein venta på og kor lenge ein måtte vente. No er absolutt alt i uvissa. Dei håpar på fred. Dei ventar på eit anna liv. Men kor lenge skal ein vente? Det er det ingen som veit. Rundt bordet går praten om Tyskland. Der er det moglegheiter for ein ny start seiast det. Flyktningar som kjem seg dit får opphaldsløyve. Med opphaldsløyve kan ein jobbe. Det kan dei ikkje no. Problemet er å komme seg dit. Danmark har stengt grensene. Det same har Polen. Lykkejegarar har vist ingen adgang. Sjøvegen ser ut til å vere einaste alternativ, men det virkar risikabelt. Dyrt er det og. Andre snakkar om USA, men møter fort motstand. For å få det til treng ein mykje pengar og ikkje minst eit pass. Norske pass er ikkje gyldige for tida så det prosjektet er daudfødt. Nei det er Tyskland som er håpet. For dei som tar sjansen på å prøve vel å merke. Mange har mista livet i forsøket. Han har ikkje tru på at det er eit reelt alternativ for han og sønene. For det første har han truleg ikkje nok pengar, og for det andre er vegen ned til kysten lang. Ein distanse som truleg må forserast til fots. Det er langt nok for ein vaksen kar som han sjølv. Nærmast uoverkommeleg for små barneføter. Nei dei blir nok nøydt til å halde fram ventinga her.

Den natta får han ikkje sovne. Ei indre uro held han vaken. Han får ikkje tankane om ein ny start, eit nytt liv,  eit liv anna enn dette ut av hovudet. Han tenkjer tilbake på førre vinter då begge sønene fekk lungebetennelse. Sjølv om telta er isolerte på eit vis, er lufta rå. Han huskar kor redd han var for at yngstemann ikkje skulle klare seg då feberen herja som verst. Antibiotika som virka var ikkje å oppdrive. Men det gjekk bra. Denne gongen. Men kva med neste gong? Kan han i det heile tatt ta sjansen på nok ein vinter her? Sjuk kan ein sjølvsagt bli kvar som helst, men under desse omstenda verkar det for at bakteriar og virus trivst godt. Innan morgonen kjem har han bestemt seg. Dei må prøve. Prøve lykka ein annan stad. Kvar han skal få pengar frå veit han ikkje, men det får han ta etter kvart. Kanskje må han selje den nyra.

Nede ved bryggja ligg det ein liten fiskebåt. Det er nesten heilt mørkt så det er ikkje så godt å sjå. Ikkje er han ein sjømann heller, men meiner det er ein sjark. Altså ikkje alt for stor. I alle fall ikkje i forhold til kor mange passasjerar som har billett. Han blir med eit veldig usikker på om dette var ein god idé likevel. Men no er det for seint. Tre veker har dei brukt på å gå frå leiren. Den siste veka har dei gått i snø. Gutane hadde klart turen bra. Rart kva ein greier når ein berre må. Han har selt alt dei hadde for å skaffe pengane til turen. Eigentleg var det ikkje nok, men han fekk ordna ein avtale likevel. Alt dei har er kleda på kroppen. Verken han eller sønene har redningsvest. Vatnet er så kaldt at det vil ikkje hjelpe uansett. Det vil berre utsette det uunngåelege nokre få minutt om ein skulle hamne i vatnet. Dei får plass under dekk. Oppe i styrehuset får to andre passasjerar ei kort innføring i korleis båten fungerer. Ikkje lenge etter er dei på veg. Forhåpentlegvis med kurs mot Tyskland. Redsla han kjende når han stod på land er med eit vekke. Underleg nok kjennar han seg letta. Han har gjort det han kan. No er det opp til skjebnen, eller Gud, eller kven det no er som styrer denne verda. Dette kapittelet i livet er uansett over. Endar det siste kapittelet her på havet, eller opnar det seg eit nytt eit på den andre sida?

Epilog

Dette er sjølvsagt ei oppdikta dystopisk historie. Fri fantasi må vete for det er jo over 70 år sidan det sist var krigshandlingar i Noreg. Vi er så heldige at er det ingen utsikter til at det skal endre seg med det første. Men kven veit. Det kan skje. Det skjer andre stadar i verda heile tida.  Ofte langt vekke, og det er lett å tenkje at det rammar folkeslag som er heilt annleis enn oss. Men er dei det? Har det uansett noko å bety? Er ikkje vi alle lykkejegarar når alt kjem til alt? Er det ikkje det livet ofte handlar om? Å skape seg eit så godt liv som mogeleg? Men alle har diverre ikkje same utgangspunkt. Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammar deg selv, skreiv Arnulf Øverland i 1936. Det er minst like aktuelt i dag. Det burde i alle fall vere det. Plutseleg er det du som står der. Kva gjer du då? Du vil kanskje at din neste skal gjere mot deg som du har gjort mot han. Eller vil du eigentleg det?